mandag, februar 16, 2009

Diplomoppgåve

Bilete: Ei moderne kyrkje i Roma.

Eg arbeider no med mi avsluttande oppgåve på arkitektstudiet. Saman med Birgitte Kahrs skal eg forme ei kyrkje. Dette semesteret vil bli dokumentert via www.kyrkjediplom.wordpress.com

Sjekk ut denne og gi oss kommentarar!

onsdag, desember 10, 2008

Semesteroppgåva haust 2008

er levert!  
HURRA. No er det snaaart juleferie. Berre eksamen i Eiendomsutvikling på mandag...

Eg har dette semesteret vore på gruppe med Damien frå Frankrike og Birgitte frå Austrheim. Gruppenavn Rebels :)
Sjekk ut heimesida for prosjektet vårt!  

http://folk.ntnu.no/godo/PLUGFornebu

fredag, november 14, 2008

Long time...


No er det lenge sidan eg har oppdatert denne bloggen. Men eg driv no på og jobbar på skulen likevel. Vi arbeider no med utviklinga av Oslo regionen. Senarioet vårt går ut i frå at veksten ein ser i dag vil fortsette - noko som vil kreve langt fleire boligar enn i dag. Ved å fokusere på båttrafikk som kollektivt framkomstmiddel kan avstandar - både fysisk og mentalt - kortast ned og det kan bli andre pendlerstiuasjonar enn i dag

Bilde1:
Utsikt mot aust. Terminalbygget er i enden av denne bygningsmassen.
Bilde 2:
Artificial Park. Lokk med parkering under, park på toppen. Bilde tatt mot sør. Det er terminalbygget du ser i enden.


Bilde 3:
Fysisk og visuell kontakt mellom plazaen i forkant og parken i bakkant.
Bilde 4:
Å komme til Rolfsbukta og Fornebu med båt kan sjå slik ut! Handlegate i front.

Gruppa mi jobber med Fornebu. Korleis bør Fornebu utviklast med tanke på den store veksten i befolkning. Og korleis bør hovednoden utformast. Vi har lagt båtterminalen i Rolfsbukta - i direkte tilknytning til både buss og CityTram-stopp der. Videre vil vi at Fornebu skal vekse ut i frå dette kjernepunktet. Onsdag hadde vi midtsemester-gjennomgang. Vi presenterte oppgåva vår gjennom ei web side. Den er ikkje på nettet enda men eg skal legge den ut her etterkvar. 





lørdag, september 06, 2008

Destination Vippetangen

I år studerer eg transformasjon. Vi arbeider med Oslofjorden og korleis ulike område her kan utnyttast. Den første oppgåva vår var å sjå på Vippetangen. Vi hadde mange gode forslag til bruk av siloen og områda rundt den. Eit av dei var å legge moteindustrien som stadig blir større og betre inn i siloen. Slik kan Oslo Fashionweek få ei ny og unik scene å boltre seg på. I direkte tilknytning til sjøen og Oslo.

Ellers vil det bli ulike studio for utøving av kunst og musikk av ulike typar. Utstillingslokaler. Musikkforetning. 
I den gamle bygninga ved sidan av - Fiskemarkedet - vil vi etablere Oslos akvarium, fiskerestaurrant og opplevelsessenter. 
Ein langstrakt "park" blir etablert frå Bjørvika til Vippetangen slik at Oslos befolkning og gjestar ikkje er i tvil om at dette er ei strekning dei GJERNE må bevege seg langs!

Fleire collagar kjem etterkvart!
Artig å begynne på skule igjen.

tirsdag, mai 20, 2008

PlayWave: CO2nøytral barnehage

Nokre stemningsbilete frå barnehagen vi har teikna på Brøset, Trondheim.

Gruppemedlemmar:
Bjarne Josefsen
Julie Heir
Ragnhild Magelssen Godø

Takk for eit supert samarbeid!





tirsdag, april 22, 2008

KONKURRANSE!

No var det leeenge sidan sist innlegg!

No jobber vi med ei konkurranse saman med ei klasse frå Calmers Universitet i Gøteborg. Vi skal teikne ein CO2-nøytral barnehage på Brøset i Trondheim. Innlevering er tirsdag 29.april kl. 15.00. Så ut i mai skal det komme ein rapport.

13. mai drar vi til Gøteborg med klassa på studietur. Da blir det premieutdeling og befaringer av prosjekter med høg miljøprofil i Gøteborgområdet. Blir spennande.

:)

tirsdag, mars 11, 2008

ENERGI PAVILJONG på toppen av Sentralblokk2

Dei siste 3 vekene har vi jobba med å teikne ein temponær paviljong på toppen av Sentralblokk 2 på Gløshaugen NTNU. Paviljongen skal huse utstillingslokaler for energi og miljøaktiviteter. Det skal også vere kafè og toaletter i paviljongen. Ved å lese plansjane vil du få eit innblikk i kva vi la til grunn i vår prosjektering.
Vi ville ikkje berre lage eit rom for utstilling men la paviljongen i seg sjølv vere ein del av utstillinga!