tirsdag, oktober 02, 2007

KALIGRAFI

I dag hadde vi kurs i kaligrafi - ein japansk teikne/skrivekunst! Kunsten kan samanliknast med samuraikunsten. Du må vere konsentrert, rolig, ha balanse og kontroll for å mestre kunsten. Etter kamp fortsatte samuraiane å trene seg i kaligrafi!

Teiknet over tyder "Framtid". Det har strekar i alle åtte retningane ein teiknar i!

Så skulle vi skrive dikt på kinesisk. Eg mala meg desse bileta/dikta:

"Midt i ein stor, stor skog står eit lite trygt hus. I denne stova bru ein mann, ei kvinne og ein gris."
"I det mørkaste mørke, mellom ei røys av store kampesteinar ligg ein ørliten stein og lyser."
"Trygt hus"

Biletet over er eit døme på korleis enkeltteikn blir sett saman og gir ny meining:
Tak + kvinne = trygt hus!!

Biletet ved sida av:
Jorde + styrke = mann!

Ingen kommentarer: