![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEhN9QhahB04UbV1IHTUVyosdLotK7rVKJlyJIc4STS12jQDxq5lEAMd40dCXvffX_OX1fIVmRTZ5l4Q4kjqdLKZGX3fEfmBmdFbkZ7JVJ3jHmJkKGm6KFIjE0bdi14jNkjawsVs/s400/moteshow.jpg)
I år studerer eg transformasjon. Vi arbeider med Oslofjorden og korleis ulike område her kan utnyttast. Den første oppgåva vår var å sjå på Vippetangen. Vi hadde mange gode forslag til bruk av siloen og områda rundt den. Eit av dei var å legge moteindustrien som stadig blir større og betre inn i siloen. Slik kan Oslo Fashionweek få ei ny og unik scene å boltre seg på. I direkte tilknytning til sjøen og Oslo.
Ellers vil det bli ulike studio for utøving av kunst og musikk av ulike typar. Utstillingslokaler. Musikkforetning.
I den gamle bygninga ved sidan av - Fiskemarkedet - vil vi etablere Oslos akvarium, fiskerestaurrant og opplevelsessenter.
Ein langstrakt "park" blir etablert frå Bjørvika til Vippetangen slik at Oslos befolkning og gjestar ikkje er i tvil om at dette er ei strekning dei GJERNE må bevege seg langs!
Fleire collagar kjem etterkvart!
Artig å begynne på skule igjen.