No er det lenge sidan eg har oppdatert denne bloggen. Men eg driv no på og jobbar på skulen likevel. Vi arbeider no med utviklinga av Oslo regionen. Senarioet vårt går ut i frå at veksten ein ser i dag vil fortsette - noko som vil kreve langt fleire boligar enn i dag. Ved å fokusere på båttrafikk som kollektivt framkomstmiddel kan avstandar - både fysisk og mentalt - kortast ned og det kan bli andre pendlerstiuasjonar enn i dag
Bilde 2:
Artificial Park. Lokk med parkering under, park på toppen. Bilde tatt mot sør. Det er terminalbygget du ser i enden.
Bilde 3:
Å komme til Rolfsbukta og Fornebu med båt kan sjå slik ut! Handlegate i front.
Gruppa mi jobber med Fornebu. Korleis bør Fornebu utviklast med tanke på den store veksten i befolkning. Og korleis bør hovednoden utformast. Vi har lagt båtterminalen i Rolfsbukta - i direkte tilknytning til både buss og CityTram-stopp der. Videre vil vi at Fornebu skal vekse ut i frå dette kjernepunktet. Onsdag hadde vi midtsemester-gjennomgang. Vi presenterte oppgåva vår gjennom ei web side. Den er ikkje på nettet enda men eg skal legge den ut her etterkvar.