tirsdag, oktober 02, 2007

KALIGRAFI

I dag hadde vi kurs i kaligrafi - ein japansk teikne/skrivekunst! Kunsten kan samanliknast med samuraikunsten. Du må vere konsentrert, rolig, ha balanse og kontroll for å mestre kunsten. Etter kamp fortsatte samuraiane å trene seg i kaligrafi!

Teiknet over tyder "Framtid". Det har strekar i alle åtte retningane ein teiknar i!

Så skulle vi skrive dikt på kinesisk. Eg mala meg desse bileta/dikta:

"Midt i ein stor, stor skog står eit lite trygt hus. I denne stova bru ein mann, ei kvinne og ein gris."
"I det mørkaste mørke, mellom ei røys av store kampesteinar ligg ein ørliten stein og lyser."
"Trygt hus"

Biletet over er eit døme på korleis enkeltteikn blir sett saman og gir ny meining:
Tak + kvinne = trygt hus!!

Biletet ved sida av:
Jorde + styrke = mann!

KONTRAST 2


Livet er fullt av kontrastar. Eg er i ein prosess der eg prøver å visualisere nokre av dei. Her øyeblikk frå gårsdagens arbeidsøkt!
Dette biletet står i kontrast til mitt tidlegare "Rosastorm". Raud og grøn er som kjent komplimentærfargar!
Brukte mykje av samme teknikk med testa dei ut litt vidare og la til nye element på dette maleriet.
Arbeidsbordet mitt!

torsdag, september 27, 2007

Stemningsrapport frå salen

Hege vever av tapet!
Og eg har laga meg blanke plater ved sida av!
Klar for nye startar!
Guro frå Stavanger bygger!
Magnus frå Alta lager film. Han kjørte Oslo-Alta sist helg og tok bilete kvart 5.sekund!

VI HAR DET KJEKT!!

Trøndelag Senter for Samtidskunst - FIGUR

Dette seier senteret om utstillinga:

"Utstillingen FIGUR er kommet i stand som ett svar, blant mange mulige, på spørsmålene ”Hva er skulptur?” og ”Hva er skulptur i vår tid?”For å begynne i det ekstreme, kan vi si at alt som er skapt av mennesker, kan betraktes som skulptur, forutsatt at det har høyde, bredde og dybde. Mao. at det er tredimensjonalt. En bil, en bygning eller en betongblander er selvsagt ikke skulpturer i vanlig forstand, men de er eksempler på noe som mennesker har gitt form og - figur!"




De inviterte kunstnerne er representert med følgende arbeider:

o Bendon, Paul M., "Foldsjøen", bronse/støping/patinering.
o Carter, Joseph, "Vitriarius", gips/modellert leire/støpt.
o Daren, Oddvar I.N., "The ring of fire", mdf/div. tekn.
o Evjen, Jan Eirik, "Æol", messing/granitt.o Gangvik, Espen, "Ascending #2", stål/lakkert.
o Gilberg, Magnar/Nyjordet, Bjørg, "Jeg er havren, men hvor faen er bjellene?", halmballer av havre.
o Mo, Jorun Kraft, "Spenninger", hassel.o Mobeck, Kari Elise, "Lånte figurer, et stilleben", div. tekn.
o Moe, Jørgen, "Throw up", keramikk/glasur/billakk.o Morgenstierne, Merete, "Sarabande", gips/støpt/modellert.
o Myskja, Kristoffer, "Lyden av bomull, lyden av kaffe, lyden av gull", blandet teknikk.
o Schjetne, Tone Thiis, "Akrobat", polykromert bronse.



Galleri-sg, Kjøpmannsgt. 37

I går var vi på utstilling med Jostein Kirkerud og Ingar Øistad. Jostein Kirkerud viste oss rundt og snakka om kunsten sin, faget og teknikk. Inspirerende!

Eg stpurte læraren vår i går:
"Når veit ein kunstnar at bilete en arbeider med er ferdig?"

Jostein svarte:
"Det er ikkje ferdig før det er solgt! Først då må ein seie seg ferdig med det."


Kirkerud benytter seg av ulike verktøy i maleria sine. Akrylmaling med ulike børster, blyantstrek osv. Ulike teknikkar gir bileta liv, meiner han.

Dette er eit bilete av Ingar Øistad. Han var Jostein sin lærar tidlegare og no arbeider dei ein del saman. Dei setter begge teikning høgt.
Så enkle strek.
Men langt frå ein krusedull eit barn kunne laga.
Strekane er fulle av utrykk!

tirsdag, september 25, 2007

Å la malinga leve som den vil

Eg tek for mykje av styringa.. og er for forsiktig.. var to av mange tilbakemeldingar i dag. Eg må la materiala få leve sitt eige liv.

Så da prøvde eg å sjå kva malinga hadde å seie!!
Og det var ganske artig, egentlig!
Så her to bilete av dagens prøver.
Har hatt ein utfordrande men veldig bra dag!

Ved sida av meg..

står Hege og vever tapetstrimler! Ho miksar ny kvit tapet med gamle restar ho har funne heime hos bestemora. Det blir skikkelig fint. Planen hennar er å veve 3 ulike "teppe". Alle med likt mønster av ulike bestemor-tapetar!



KONTRAST

Eg fascinerast av kontrastar. Det er ofte store kontrastar mellom ord og handling. I lys mot mørke. Det idylliske mot harde fakta. Eventyr mot virkeligheta. Kan kontrastane vere to sider av same sak?






Form og farge!

Eit av småbileta eg har eksprimentert meg fram til dei siste dagane er ferdig.

Diplomutstillingplakatkonkurranse!

Hege frå Sykkylven og eg har saman laga 4 forslag til plakat til Diplomutstillinga her ved arkitektutdanninga på NTNU.
Dette er teksten som vi sendte med plakatane:
"Vi ser for oss at plakaten skal trykkast i silketrykk. Teknikken er tatt omsyn til i designet på plakatane. Ved bruk av denne teknikken blir alle plakatane eit særpreg, og kan i seg sjølv gi eit bilete på handverket og mangfaldet i faget. Vi er interessert i å ta på oss trykkinga av plakatane, og har moglegheit til å bruke grafikkavdelinga på KiT til dette arbeidet med hjelp av faglærar der."


torsdag, september 20, 2007

MEG I AKSJON!

Nokre bilete frå siste epoke i trykkinga og i oppvasken! Høytrykkspyler, kjemikalier, avsug og hørselsvern gjorde susen!



SILKETRYKK 4

Det er berre to ting som kan begrense ein trykkeprosess!
- Lommeboka di og fantasien!!!
Sitat Hermann Isaksen (leiar for grafikkavdelinga på Kunstakademiet i Trondheim).

I går trykka vi den raude og den gule fargen på 19 papir. I dag fullførte vi verket med å trykke dei svarte motiva. Så her ser du rasultatet etter 2 dagars workshop på silketrykk!

Ramma med nylonduk med motiva våre "lyst" ut av den grønne filmen.


Så åpna vi pressa!

Hermann Isaksen viste oss mange trykk laga av kunststudentar og kunstnarar som har vore innom Kunstakademiet. Mykje tøft!