mandag, desember 10, 2007

Prosjektbeskriving

Min motivasjon til å ta kurset:
”Verda blir mindre og mindre, surrar raskare og raskare, gir fleire og fleire moglegheiter og eg får mindre og mindre tid!
Aldri nok tid til å eksperimentere med farger, materiale, teksturar, grafikk, til å oppdage, teste ut og vidare utvikle mine eigne uttrykksformer.
Det er eit sterkt ønske eg har hatt i mange år – å få tid til å utfolde meg på dette området. Og i denne samanheng er kurset ikkje mindre enn perfekt!”


Prosjektet mitt er eit produkt av engasjement og tankerekker som eg gjennom dette semesteret har visualisert. Tankens vegar er ikkje alltid så lette å styre. Og ofte mest interessante når tankane får vere frie.

No og då går det opp for meg kor lite vi bryr oss om problemet verden svever i. Vi høyrer det kvar dag. Klimaet truast frå alle kantar. Vi seier fine, kloke ord, men vi gjer verkeleg minimalt. Dette gjeld i alle nivå – frå dei mektige råd til mitt daglege liv. Dersom det kostar meg for mykje så ignorerer eg heller verdenssituasjonen.

Eg tok derfor til å male vindmøller. Eit symbol på rein energi. På å ta verda på alvor. På å handle.
Mange stadar i Noreg har det vore store protestaksjonar mot vindmølleparkar dei siste åra. Vindmøllene forureinar utsikta! Eg blir provosert. Dette blir for meg eit argument bygd på eit svært navlebeskuande verdsbilete. Vi bur i verdas rikaste land og burde vere dei første til å ta ansvar.

Ut av denne tankerekka kom ein trong til å arbeide med kontrastar.
Er vindmøller estetisk vakre eller ”forureinar” dei?
Det er ein enorm kontrast mellom det vi veit og det vi tar inn over oss.
Det er som om vi ser ut av vindauget vårt på ei verd som held på å rase saman, sukker, snur ryggen til og nyter vår reine, trygge, varme, kvite stove. Skrur opp varmen og tenner levande lys så gufset utanfrå ikkje når oss.

I mitt arbeid vidare med kontrastar mala eg bilete med kontrasterande fargar – det grøne mot det raude. Og i ei langt seinare fase – det gule mot det blå.
Utdrag frå bloggen min under arbeidet med kontrastar:
"Eg fascinerast av kontrastar. Det er ofte store kontrastar mellom ord og handling. I lys mot mørke. Det idylliske mot harde fakta. Eventyr mot røynda. Kan kontrastane vere to sider av same sak?"

Vidare leita eg etter kontrastar. Våpen er noko av det mest grusome eg veit. Harde fakta og det er ingen veg tilbake dersom dei har drept.
Glansbilete – eit bilete på eventyr - det yndige, uskuldige.
Slik dreia tankane mine seg inn på englar. Eg henta inn igjen rastreingsteknikken og mala ein svart engel på ei kvit blondegardin. Englane som vidare dukka opp på det raude og det grøne biletet var vanskelegare å få taket på enn blondeengelen.

Utdrag frå bloggen:
"Når vi er midt oppe i ein situasjon kan det vere vanskelig å fatte den. Vanskeleg å ta dei rette avgjerslene.Med litt tid som avstand kan situasjonen bli tydelegare. Vi blir i stand til å sjå
samanhengen situasjonen stod i, og forstå den på ein annan måte.Serien av bilete eg er i ferd med å male er knytt saman i motiv. Fargebruk og teknikk kan variere. Nært inn på bileta kan motivet vere vanskeleg å fange. Vi blir blinda av detaljar.Først om du gir deg tid til å kike på bileta med litt avstand og sjå dei i samanheng med dei andre bileta gir dei meining."


Det er ikkje alltid lett å sjå klart. Jostein Gaarders seier i " I et speil, i en gåte":"Vi ser alt sammen i et speil. Nå har du fått gløtte igjennom glasset til den andre siden. Jeg kan ikke pusse hele speilet rent. Da ville du kanskje sett enda mer, men da ville du ikke lenger se deg selv."

Dette fører meg på mange måtar tilbake til utgangspunktet.
Velger vi å gjere speilet uklart så vi ikkje treng å sjå klart?
Kor lang avstand treng vi i tid for å sjå verda slik den er? Før vi klarer å løfte oss over detaljane som kan blinde oss? Før vi ser handlingane våre i ein samanheng som krev endring?

1 kommentar:

Anonym sa...

Eg synes du har hatt eit spanande prosjekt denne hausten. Og resultatet ser verkeleg bra ut!! Skulle gjerne ha vore der og sett utstillinga!
Må huske å fortsette å male og visualisere og dele tankane dine med oss andre, sjølv om du snart blir arkitektur-nerd igjen... klem :)