tirsdag, desember 04, 2007

Linotrykk!

Hege og eg har starta trykkeri! Her preparerer vi ei 2mm papp-plate med "Skjellakk", også kalla "Kvistlakk". Det er ein lakk laga av billeskall og gjer pappen sterkare. Videre skal vi ripe inn ulike motiv i bitar av denne pappen og trykke bilete!

Dette er produksjonen anno 03.12.2007.
Det er skikkelig kjekt å sjå korleis fargar og utskjeringar i pappen skaper heilt ulike bilete.
Gleder meg til å ordne nokre av trykka fint i ramme og paspatur.




To be continiued!

mandag, desember 03, 2007

Lys!

Jobba meg lag på lag videre med biletet. No nærmer eg meg ferdigstilling! Må berre få litt englestøv til å dukke opp!

søndag, desember 02, 2007

Eit nytt bilete på gang!


Det er 1.søndag i advent og eg har tatt til på eit nytt bilete. Fekk berre arbeide 2 knappe timar i dag. Gleder meg til å fortsette på det i morgon!

torsdag, november 29, 2007

Nytt forsøk!

Sprayinga av prikkane vart ikkje god nok i går så i dag mala eg over biletet og fekk hjelp av Hege til å halde sjablongen nede mot biletet medan eg spraya.
Og det blei mykje, mykje betre!

Var berre ikkje fornødg med bakrunnen da eg var ferdig..
.. så eg mala nokre strøk med veldig gjennomskinnelig maling OVER prikkane.
Og det funka! Eg er fornøgd!

Dimensjon blå-maleriet:
100 cm x 100 cm.

Teknikk:
Akryl og spraylakk
Her er litt av engleproduksjonen hittil. Den kvite engelen er ikkje ferdig enda.. men den krevde slik detaljering at eg måtte ha litt pause frå den.
Dette er dagens nye forsøksbilete!
Har mala ein "detalj" av det store, raude biletet!

Dimensjon: 1,22 cm x 60 cm
Zooma inn på detaljen.
Bileta på bloggen er tatt med min supermobiltelefon! Det duger. Om enn ikkje beste kvalitet!

onsdag, november 28, 2007

Stykkevis og delt!

Når vi er midt oppe i ein situasjon kan det vere vanskelig å fatte den. Vanskeleg å ta dei rette avgjerelsane.
Med litt tid som avstand kan situasjonen bli tydelegare. Vi blir i stand til å sjå samanhengen situasjonen stod i og forstå den på ein annan måte.

Serien av bilete eg er i ferd med å male er knytt saman i motiv. Fargebruk og teknikk kan variere. Nært inn på bileta kan motivet vere vanskeleg å fange. Vi blir blinda av detaljar.
Først om du gir deg tid til å kike på bileta med litt avstand og sjå dei i samanheng med dei andre bileta gir bileta meining.



Det er ikkje alltid lett å sjå klart. Jostein Gaarders seier i " I et speil, i en gåte":

"Vi ser alt sammen i et speil. Nå har du fått gløtte igjennom glasset til den andre siden. Jeg kan ikke pusse hele speilet rent. Da ville du kanskje sett enda mer, men da ville du ikke lenger se deg selv."
Hovudmotivet i bileta er ein barneengel. Ariel; engelen i boka, er ein barneengel. Han har ikkje blitt så god på å gjømme seg for menneska enda og blir oppdaga av det kreftsjuke barnet, Cecilie!

Englane i bileta er heller ikkje alltid like lette å oppdage.
Dette er vel en engels vesen!

Innlevering Vis.kom. 3

Fargane blei skikkelig skrudde når dei kom inn i bloggen.. men her er i innleveringa mi i faget Visuell Kommunikasjon 3.

Eg endte altså opp med ei potefølgje. I henne har eg presentert nokre prosjekt eg har arbeida meg tidlegare i studiet samt arbeidet med linjer, flater og logo. Logoen kjem til syne både nederst til høgre på kvar side + i modellfoto på dei siste sidene.
Grid-systemet eg har organisert portefølgja etter er fem ruter horisontalt og tre ruter vertikalt med mellomrom på 6 mm i begge retningar. Totalformatet er 42 x 20 cm.