onsdag, januar 30, 2008

ENERGI OG MILJØ

Eg studerer i år "Energi og miljø" ved NTNU.

40 % av energiforbruket på landjorda i Norge går i dag med i byggebransjen.
Dei komande åra kjem mange nye krav til bygningar. Eg kan nok ikkje redde verda aleine.. men eg har lyst å lære alt eg kan for å gjere mitt!
Saman med fire andre studentar har eg i dei første vekene av dette semesteret gjort en analyse av Brøset, Trondheim, og komt med eit forslag til bebyggelsesplan for området. Vi har planlagt ein kompakt bydel med gode muligheter for kollektivtransport. Store bilpoolsentralar gjer bil-deling til eit attraktivt alternativ for bebuarane. Observasjoner av vindsituasjonen på Vernes, indikerer at i Trondheimsområdet er det mest vind fra øst og vest. Brøset området er kjent for å være vindfullt. Vinden kommer hovedsakelig fra sør-øst og vest. Ved å etablere vindskjermer med vegetasjon og bygningsmasse kan noe av vinden ledes rundt området og vindhastigheten lokalt vil reduseres.

BEBYGGELSES-STRATEGI MHT. VIND
Området er på folkemunne kalla "Snaugrinda" og er kjent for vind og blåst.
Ut i fra vindrosene som er registrert på Værnes ser vi at det er hovedsaklig vind fra øst og vest som preger regionen.
Vi har som strategi mot vinden planlagt en bebyggelsesstruktur som er tett og relativ høy på øst- og vestsiden av tomta.
I øst vil en husrekke på 4 etasjer løpe langs Brøsetvegen. Bebyggelsen blir brutt opp av gangstier inn til området. Der begyggelsen er brudt planlegger vi vegetasjon som kan bremse vinden som vil finne vegen inn på tomta.
I vest ligger næringsområdene. Disse byggene skaper vindskjerm for nordavind og kan ha opp til 8 etasjer.


VINDSKJERM MOT BRØSETVEIEN I VEST
Både begyggelsen og vegetasjon mellom bebyggelsen fungerer som vindskjerm for området.
Vegetasjonen gir glimt av livet på det nye boligområdet for forbipasserende. Mellomrommene skaper også rom for gangveier inn på tomta.
En fortetting av gata vil også gi en mere urban situasjon, hvor mulighet for kafeer, kiosk, og annen næring kan være en mulighet for å aktivisering av området i første etasje.

PRINSIPP-SNITT VEST-ØST
Kald luft får fritt gå i kuldedalen som faller fra sør mot nord.

Kald luft er tyngre enn varm luft og vil synke. Tomta heller mot nord.På sørenden av tomta er det en stor grop. I denne vil det samle seg kulde. Slik vi leser kotene på tomta har denne forsenkingen en gang fulgt tomta til nordenden. Antageligvis har gropa blitt tetta for å gi grunn for vegen som gir adgang til Regional Sikkerhetsavdelig Brøset . Vi velger å gjenskape forsenkiningen hele vegen gjennom tomta. Dette for å samle kaldluftsdraga som vil falle nedover tomta. Vi ønsker å bruke forsenkingen til å lage et vassdrag. Dette vil i tilegg gi vannspeil og atmosfære til området.


SOLDIAGRAM
Dette er solsituasjonen i Trondheim, varierende med årstidene, og tiden på døynet.
På grunn av relativt lave temperaturer er solvarme velkommen gjennom store deler av året. Det er derfor viktig at mesteparten av vindusflater er på sørfasadene og at romfunksjoner med størst varmebehov er lokalisert mot sør (passiv solutnyttelse). Det kan også monteres solceller for å supplere energibehovet.

VANNSAMLING Det regnar ein del i Trondheim... dette bil vi bruke for å gi området ein kvalitet. Ved å samle vatnet, føre det langs overflaten i renner og ned i kaldluftsdraget, får Brøset ei elv rennende gjennom området. Vann er magisk!

Eksepmpel på kanal som er bygd for å samle opp regnvannet. Bjølsen Studentby. LARK: Rainer Stange, Snøhetta.

Renne i vegen som fører regnvannet over bakken.
Årnes Skolegata, Snøhetta.

BEBYGGELSESPLAN

NY VEI TIL OMRÅDET
- 3 TYPER BOLIGSTUKTUR ,
AV TETT BEBYGGELSE
- PARK
- GRØNTDRAG
- VASSDRAG
- PARKERINGSKJELLERE
- MILJØVENLIGE BIKUBER,
SOM GJØR OMRÅDET TIL NOE EGET.
- KLYNGER AV ENHETER FOR FELLESKAPET.
- FORTETTING MOT VEI/ URBANISERING
- GRØNN BUFFER MOT PSYKIATRI
- FORTAU PÅ ALLE STØRRE VEIER
- BEPLANTNING LANGS
GANG- OG KJØREVEIER
- P- PLASSER MED GRATIS EL-UTTAK
BIL-POOL
EKSEMPEL:

onsdag, desember 12, 2007

Mitt bidrag til utstillinga:


VELKOMMEN!

Plakaten til utstillinga vår!

Etter eit semester med maling, støyping, gipsing, bygging, teikning,plukking av søppel og filming, er årets "visuell kommunikasjon"-klassa klar for si årlege utstilling i gangen utanfor biblioteket.Kom og sjå!

NTNU en madrugada!

(= i gryotta på spansk)
Skulevegen min i år ser slik ut! Dette er hovudbygget på Gløshaugen. Eg held til i Sentralbygget som ligg rett bak!

tirsdag, desember 11, 2007

Apropo I et speil i en gåte:

Nobels fredspris blei i går gitt til Al Gore og FN's klimapanel.

I forlengelsen av forige innlegg her på bloggen vil eg legge eit sitat frå Al Gore's tale:

Selv om det er et økende antall hederlige unntak, er det allikevel altfor mange av verdens ledere som i dag fortsatt kan beskrives med de ordene Winston Churchill benyttet da han forsøkte å samle verden mot den trusselen Adolf Hitler utgjorde: «De viderefører dette merkelige paradokset, de har kun besluttet seg for å være ubesluttsomme, bestemt seg for å være ubestemte, ubøyelige for bevegelse, faste i møtet med det flytende, alle med makt til å være avmektige.»

mandag, desember 10, 2007

Prosjektbeskriving

Min motivasjon til å ta kurset:
”Verda blir mindre og mindre, surrar raskare og raskare, gir fleire og fleire moglegheiter og eg får mindre og mindre tid!
Aldri nok tid til å eksperimentere med farger, materiale, teksturar, grafikk, til å oppdage, teste ut og vidare utvikle mine eigne uttrykksformer.
Det er eit sterkt ønske eg har hatt i mange år – å få tid til å utfolde meg på dette området. Og i denne samanheng er kurset ikkje mindre enn perfekt!”


Prosjektet mitt er eit produkt av engasjement og tankerekker som eg gjennom dette semesteret har visualisert. Tankens vegar er ikkje alltid så lette å styre. Og ofte mest interessante når tankane får vere frie.

No og då går det opp for meg kor lite vi bryr oss om problemet verden svever i. Vi høyrer det kvar dag. Klimaet truast frå alle kantar. Vi seier fine, kloke ord, men vi gjer verkeleg minimalt. Dette gjeld i alle nivå – frå dei mektige råd til mitt daglege liv. Dersom det kostar meg for mykje så ignorerer eg heller verdenssituasjonen.

Eg tok derfor til å male vindmøller. Eit symbol på rein energi. På å ta verda på alvor. På å handle.
Mange stadar i Noreg har det vore store protestaksjonar mot vindmølleparkar dei siste åra. Vindmøllene forureinar utsikta! Eg blir provosert. Dette blir for meg eit argument bygd på eit svært navlebeskuande verdsbilete. Vi bur i verdas rikaste land og burde vere dei første til å ta ansvar.

Ut av denne tankerekka kom ein trong til å arbeide med kontrastar.
Er vindmøller estetisk vakre eller ”forureinar” dei?
Det er ein enorm kontrast mellom det vi veit og det vi tar inn over oss.
Det er som om vi ser ut av vindauget vårt på ei verd som held på å rase saman, sukker, snur ryggen til og nyter vår reine, trygge, varme, kvite stove. Skrur opp varmen og tenner levande lys så gufset utanfrå ikkje når oss.

I mitt arbeid vidare med kontrastar mala eg bilete med kontrasterande fargar – det grøne mot det raude. Og i ei langt seinare fase – det gule mot det blå.
Utdrag frå bloggen min under arbeidet med kontrastar:
"Eg fascinerast av kontrastar. Det er ofte store kontrastar mellom ord og handling. I lys mot mørke. Det idylliske mot harde fakta. Eventyr mot røynda. Kan kontrastane vere to sider av same sak?"

Vidare leita eg etter kontrastar. Våpen er noko av det mest grusome eg veit. Harde fakta og det er ingen veg tilbake dersom dei har drept.
Glansbilete – eit bilete på eventyr - det yndige, uskuldige.
Slik dreia tankane mine seg inn på englar. Eg henta inn igjen rastreingsteknikken og mala ein svart engel på ei kvit blondegardin. Englane som vidare dukka opp på det raude og det grøne biletet var vanskelegare å få taket på enn blondeengelen.

Utdrag frå bloggen:
"Når vi er midt oppe i ein situasjon kan det vere vanskelig å fatte den. Vanskeleg å ta dei rette avgjerslene.Med litt tid som avstand kan situasjonen bli tydelegare. Vi blir i stand til å sjå
samanhengen situasjonen stod i, og forstå den på ein annan måte.Serien av bilete eg er i ferd med å male er knytt saman i motiv. Fargebruk og teknikk kan variere. Nært inn på bileta kan motivet vere vanskeleg å fange. Vi blir blinda av detaljar.Først om du gir deg tid til å kike på bileta med litt avstand og sjå dei i samanheng med dei andre bileta gir dei meining."


Det er ikkje alltid lett å sjå klart. Jostein Gaarders seier i " I et speil, i en gåte":"Vi ser alt sammen i et speil. Nå har du fått gløtte igjennom glasset til den andre siden. Jeg kan ikke pusse hele speilet rent. Da ville du kanskje sett enda mer, men da ville du ikke lenger se deg selv."

Dette fører meg på mange måtar tilbake til utgangspunktet.
Velger vi å gjere speilet uklart så vi ikkje treng å sjå klart?
Kor lang avstand treng vi i tid for å sjå verda slik den er? Før vi klarer å løfte oss over detaljane som kan blinde oss? Før vi ser handlingane våre i ein samanheng som krev endring?

tirsdag, desember 04, 2007

Linotrykk!

Hege og eg har starta trykkeri! Her preparerer vi ei 2mm papp-plate med "Skjellakk", også kalla "Kvistlakk". Det er ein lakk laga av billeskall og gjer pappen sterkare. Videre skal vi ripe inn ulike motiv i bitar av denne pappen og trykke bilete!

Dette er produksjonen anno 03.12.2007.
Det er skikkelig kjekt å sjå korleis fargar og utskjeringar i pappen skaper heilt ulike bilete.
Gleder meg til å ordne nokre av trykka fint i ramme og paspatur.




To be continiued!

mandag, desember 03, 2007

Lys!

Jobba meg lag på lag videre med biletet. No nærmer eg meg ferdigstilling! Må berre få litt englestøv til å dukke opp!

søndag, desember 02, 2007

Eit nytt bilete på gang!


Det er 1.søndag i advent og eg har tatt til på eit nytt bilete. Fekk berre arbeide 2 knappe timar i dag. Gleder meg til å fortsette på det i morgon!