mandag, november 19, 2007

Visuell Kommunikasjon 3

Eg har tatt til på eit nytt kurs! Og innlevering er om ei veke!
Kurset er ei øving i grafikk. Vi skal
1. komponere linjer (horisontale og vertikale) og
2. flater (frå kontur til form)
3. LOGO som eit grafiks teikn i svart/kvit og
4. Konsept med eit gridsystem til portefølgje eller andre presentasjons formål.
Så er er litt av det eg har jobba med dei siste dagane:

fredag, november 16, 2007

LITT FRÅ LONDONTUREN!

British Museum - nytt tak teikna av Foster+Partners.
Mange gode luncher blei inntatt på ulike kafèar. Godt etter lange økter med museums- og utstillings-trasking!
White Cube
Lysekorna i Albert & Victoria Gallery.
London Bridge!
Grafikk. Utstilling på Design senteret.
Og mote!

Sprekken gjennom betonggolvet på TATE Modern. En instalasjon som mest sansynlig blir permanent!
Inngangspartiet til British Museum.

Serpentine Gallery:
Ein temporær kunst/arkitekturinstalasjon. Er mellom andre teikna av arkitektar frå Oslokontoret Snøhetta.
Inne i paviljongen.

Lamper designa av Zaha Hadid. Utsilling av henne på Design senteret.
Modell av eit av Hadid's prosjekter. Ho har 250 arkitekter under seg og leverer mykje eksprimentell arkitektur. Ikkje alt har ord på seg for å fungere like bra.. Men veldig flott utsilling å sjå i alle fall!


søndag, november 11, 2007

LONDON!

Saa er vi i LONDON paa studietur! Vi har no snart vore her ei veke og opplegget har vore intenst og veldig spennende! Har vore innom ein stor del av det London har aa by paa naar det kjem til museum og kunstutstillinger; Inspirerende. Gleder oss til aa komme heim og gi alt i innspurten foer det er VI som skal lage utstilling.. JOHOO!
Kjem heim tirsdag 13. novemer paa ettermiddagen. 13. desember skal vaar utstilling staa klar!

torsdag, november 01, 2007

TRØNDELAGSUTSTILLINGA 2007

Mitt bidrag til Trøndelagsutstillinga 2007! Så får vi sjå om eg blir refusert eller tatt med videre!



TRØNDELAGSUTSTILLINGA 2007
PROSJEKTBESKRIVING

Dei fire bileta eg sender inn er deler av eit prosjekt eg arbeider med som eg har gitt tittelen ”med skit på vingane”.

Eg er opptatt av kontrastane som omgir oss. Verda blir rikare av kontrastar. Ved å sette kontrasterande element opp mot kvarandre blir kvart av elementa sterkare. Lys er aldri så lyst som etter stummande mørke. Aldri har ei gruppe sterkare identitet enn når den står opp mot ei anna gruppe.
Verda blir fattigare å leve i dersom vi ignorerer ytterpunkta. Den eine sida av ei sak. Ved å sjå vekk i frå element vi ikkje kan like reduserer vi virkeligheita og lever i ei løgn. Verda er kontrastar med hav av nyansar i mellom. Tek vi vekk eit ytterpunkt svever nyansane heimlause.

Alle kontrastar er ikkje like lette å oppdage som til dømes korleis raud står i kontrast til grøn. Nokre kontrastar krever meir. Krever at vi lever oss inn i dei med meir enn auget. At vi ser. Forstår. Føler. Snakker. Kontrastar som ved erkjenning i sin natur krever handling.
Det er som om vi ikkje lar virkeligheta velte inn i dei varme stovene våre. Dei kvite, reine, varme stovene våre. Vi veit. Vi ser at verda øydeleggast. Vi taler kloke og opplyste ord. Men orda fører ikkje til handling og blir dermed tomme ord. Og vi blir englar med skit på vingane.

onsdag, oktober 31, 2007

tirsdag, oktober 30, 2007

SJABLONG

Etter å ha kutta ut 2378 hull var både fingre og rygg ganske slitne.. 2 dagsverk tok det meg å gjere ferdig denne sjablongen!

Ut av hulla skinner motivet fram.

Teknikk:
MDF-plate
Akrylmaling
Akryl spraylakk
Sjablong av papir







mandag, oktober 29, 2007

DogA - Norsk Design og arkitektursenter

Merethe frå gamleklassa og eg tok oss en tur på utstilling. I anledning årets arkitekturtrienale arrangerast utstillinga Culture of RISK som utforsker risiko som innovasjonsfaktor.
Nyskapande ingeniørkunst og innovativ arkitektur er presentert i denne samanheng.



Havvindmølle.
Sjekk dimensjonane i forhold til Oslo Plaza!!!

Utrulig fine collagar som gav uttrykk til idèar eg har hatt i hovudet heilt sidan semesterstart!

Utstillingslokalet.
Det var arkitektkontoret Hellsten og Gilhardi som hadde avsvar for oppsetting av utstillinga.
Dei var lærerane mine på Urban Design-kurset på AHO i fjor. Veldig dyktige menneske!

HAUSMANIA


Veggen til Hausmania i Oslo var nymala då eg gjekk forbi. Eg likte historia dei ville fortelle gjennom bileta.

Heilt sidan vi starta semesteret har eg vore opptatt av dualitetane vi stadig omgir oss med.
Vi menneske seier ein ting men gjer det motsatte.
Forstår ein ting.. men tek ikkje konsekvensen av kunnskapen vi tilegner oss.

Vi forstår at verda ikkje toler forbruket vårt.. men vi endrar ikkje forbruket. Verken på nasjonalt eller personlig plan blir konsekvensane tatt alvorlig.
Flotte ord blir uttalt. Men utan handling blir dei Ord utan meining.

mandag, oktober 22, 2007

GLANSBILETE 2

Om det er dommeren i Idol, ein seriemorder eller ein glansbildeengel vil vise seg!
Om den blir ensom eller ein del av eit englekor vil det også komme svar på i løpet av dei neste dagane!

Status: Under produksjon!

Det må berre bli litt mørkare

Nokre bilete frå skapelsesprosessen til eit bilete.
Eg ville male mørke. Mørkets store kontrast er lyset. Ved møte med mørke etter lys blir mørke ekstra stummende.



Akryl på MBF-plate.
Dimensjon: 1m x 1,22m

Mala med pensel, papir og tøybiter.

fredag, oktober 19, 2007

FRAMTID

Lagvis og delt flettar bileta seg saman. Det raude reiknet tyder "framtid" på kinesisk. Eit objekt av framtida trenger seg fram gjennom prikkane. Skuggar.

Biletet er mala i akryl på plastduk.
Dimensjon: 1m x 1,26m