torsdag, november 01, 2007

TRØNDELAGSUTSTILLINGA 2007

Mitt bidrag til Trøndelagsutstillinga 2007! Så får vi sjå om eg blir refusert eller tatt med videre!



TRØNDELAGSUTSTILLINGA 2007
PROSJEKTBESKRIVING

Dei fire bileta eg sender inn er deler av eit prosjekt eg arbeider med som eg har gitt tittelen ”med skit på vingane”.

Eg er opptatt av kontrastane som omgir oss. Verda blir rikare av kontrastar. Ved å sette kontrasterande element opp mot kvarandre blir kvart av elementa sterkare. Lys er aldri så lyst som etter stummande mørke. Aldri har ei gruppe sterkare identitet enn når den står opp mot ei anna gruppe.
Verda blir fattigare å leve i dersom vi ignorerer ytterpunkta. Den eine sida av ei sak. Ved å sjå vekk i frå element vi ikkje kan like reduserer vi virkeligheita og lever i ei løgn. Verda er kontrastar med hav av nyansar i mellom. Tek vi vekk eit ytterpunkt svever nyansane heimlause.

Alle kontrastar er ikkje like lette å oppdage som til dømes korleis raud står i kontrast til grøn. Nokre kontrastar krever meir. Krever at vi lever oss inn i dei med meir enn auget. At vi ser. Forstår. Føler. Snakker. Kontrastar som ved erkjenning i sin natur krever handling.
Det er som om vi ikkje lar virkeligheta velte inn i dei varme stovene våre. Dei kvite, reine, varme stovene våre. Vi veit. Vi ser at verda øydeleggast. Vi taler kloke og opplyste ord. Men orda fører ikkje til handling og blir dermed tomme ord. Og vi blir englar med skit på vingane.

Ingen kommentarer: