tirsdag, september 18, 2007

SILKETRYKK 3

Så har vi fått lære ein heil del om silketrykk.. eller silkscreen om du vil.
Faktisk bruker ein ikkje silke lenger.. men det var slik metoden var opphaveleg og derav navnet. I dag bruker vi nylon til å overføre biletet med.
Skal prøve å gi eit raskt samandrag av korleis vi utførte vårt silketrykk:

FØREBUING
1. Lag motivet du vil trykke i svart kvitt (teikning, bilete osv.)
2. Kopier det på ein transparant
3. La ein ny blank transparant oppå og mal med svart akrylmaling der du vil ha ein farge nr. 2
4. Kutta til ein film som gir felt med farge nr. 3

LYSEKSPONERING
5. Forbered ramma med nylontrekk: satte den inn med rennende film som stivner over natta. ( Denne filmen herder ved påføring av ultrafiolett stråling).
6. Legg motivet (sjå punkt 1) framfor nylonfilmen og eksponer flata med ultrafiolett lys (3000 KW). På denne måten herder ikkje filmen som ligg UNDER motivet vårt.
7. Vask av uherda film med vatn - dvs at motivet kjem fram som blankt!
8. Tørk ramma!

TRYKK
9. Legg ramma på trykkebordet med papir i ønska størrelse under.
10. Før på rikeleg med ønska farge akrylmaling oppå nylonduken.
11. Dra malinga hardt over nylonduken med ein nal slik at malinga pressast gjennom nylonduken der filmen er fjerna ( sjå punkt 6 og 7).
12. Løft vekk ramma og ta ut papiret. Trykk nummer en er klart!
13. Gjenta samme prosess ( punkt 5 - 12) med dei andre typane motiv.




















Ingen kommentarer: