mandag, september 10, 2007

VERDENSKUNSTEN 1
















Då har eg tatt til på den 654 siders tunge boka til E.H Gombrich som prøver å samanfatte verdenskunsten.
Han starter innleiinga med å seie:
"Egentlig eksisterer det ikke noe slikt som kunst - det finnes bare kunstnere."
Gombrich meiner at det ikkje er så viktig kvifor vi likar eit bilete eller ei statue. Nokon kan like eit landskap fordi det minner om heimplassen deira, eller eit portrett fordi det minner om ein ven. Det er ikkje noko gale i det. Når vi ser eit maleri blir vi minna om ei rekke ulike ting som er med på å bestemme om vi liker biletet eller ikkje.

Vi menneske blir tiltrekt av det vakre. Men denne forkjærleiken for det skjønne kan bli ei hindring dersom den får oss til å snu oss vekk frå verk som forestiller eit mindre inntakande motiv. Den store tyske malaren Albrecht Dürer teikna uten tvil si mor med stor kjærleik. Dürer sine inntrengande studie av forgremma alderdom kan gi oss eit sjokk som får oss til å vende oss frå det. Likevel vil vi bli rikelig belønna dersom vi kjemper mot den første motviljen, for Dürer si teikning er i si hensynsløyse og opprikigheit eit stort verk.


Ofte prøver vi å gjengi naturen så sannferdig som mogeleg. Då Picasso skulle teikne ein hanekylling blei han ikkje tilfreds med den direkte gjengivinga av fuglen sin utsjånad. Han ville få fram det aggressive, frekke og tåpelige hjå den. Han greip med andre ord karikaturen. Og for ein overbevisnade karikatur!

Ein får aldri lært nok om kunst. Det finst alltid nye ting å oppdage. Store kunstverk virker forskjellige kvar gong ein står framfor dei. Ikkje nokon må tru at ein veit alt om kunsten, for det gjer ingen. Kanskje er ingenting så viktig som nettopp dette:
For å glede oss over kunst må vi ha eit åpent sinn, eit sinn som er klart til å gripe ei kvar antyding, som er mottakelege for einkvar skjult harmoni, men som framfor alt ikkje er forvirra av lange og fine ord og ferdilaga fraser.
Det er uendeleg mykje betre å ikkje vite noko om kunst enn å ha ein halvviten som skaper snobberi.

Denne boka tek for seg kunsten si historie - det vil seie arkitekturens-, maleriets og skulpturenes historie.

1 kommentar:

Anonym sa...

Har du planar om å selge verdenskunsten? ver so snill å kontakt meg:)(trine_glad@hotmail.com)