Svein Gunnar Kjøde var innom kurset vårt. Han gjekk ut av AHO for kort tid sidan og skreiv diplomoppgava si om "Norwegian Game Industry".
Selskapet han jobba med oppgåva si i heiter "Fun Com". I denne bransjen er det avgjerande å vere kreative og innovative. Lederskapet må ikkje berre klare å legge til rette for rett kreativitet. Den bør også bli satt i gang på det rette tidspunktet! For å oppretthalde eit innovativt miljø er det viktig å la kreativiteten og risktaking få spelerom.
Dette er to parameter ein kan trenast i.
I eit kreativt miljø følger det ofte statusen din i selskapet kor mange riskar du tørr å ta. Økonomiske betingelsar kan også begrense muligheten til å presse grensene.
"Game Lab" er eit anna selskap som er mykje mindre. Desse har ein anna innfallsvinkel enn "Fun Com". Fokuset på kreativitet står i høgsetet.
- Dei har eit bibliotek på arbeidsplassen der alle ansette får pengar til å kjøpe inn nye bøker kvar månad.
- Dei arrangerer festar og inviterer mennesker utanfor selskapet.
- Dei ansette underviser.
- Ansette blir oppfordra til å ghere uoffesielle prosjekt!
Svein Gunnar sin konklusjon er at tid og pengar dreper kreativitet. "Fun Com" har ein komogen stab - noko som ikkje er fordelaktig i eit kreativt miljø. Organsiatorisk kreativitet kan oppretthaldast ved til dømes å bytte arbeidsoppgåver. Det finst ulike typer kreativitet. Dette er det viktig å huske på og respektere!
tirsdag, oktober 17, 2006
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar